Siste frist for gratis HPV-vaksine

Tilbodet om gratis HPV-vaksine til kvinner født i 1991 eller seinare er tidsavgrensa og består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 månadar. Siste frist for å starte vaksinasjon er desember 2018. Dei som har starta innan denne fristen kan bruka første halvdel av 2019 på å fullføra vaksineringa og den siste av dei tre dosane må være tatt innan utgangen av juni 2019. 

Vaksina er anbefalt til unge kvinner fordi den førebygger livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft. 

HPV-infeksjon er den vanligaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, oftast i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til utvikling av kreft, kor livmorhalskreft er vanligast. Kvert år får om lag 350 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 60-100 dør av sjukdommen. Vaksina kan gi beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.

Helsestasjonen tek seg av vaksineringa. 

Kontaktinformasjon:
Kristin Kostøl Helgaland - tlf. 404 39 070
Iren Urdal - tlf. 404 39 073

Snurr film!

Mer informasjon om HPV og HPV-vaksine:
Folkehelseinstituttets nettside.