Skredfarekartlegging

No skal skredfaren kartleggast i utvalte område i Hjelmeland. Det vil bli gjennomført feltbefaringar våren 2025, med hovudperiode i veke 14.

Områda som blir berørte

Delområda som skal utredast er: 

  • Tysdal
  • Måland
  • Erlia
  • Lakkåsen
  • Melslia
  • Tønnevik-Øvrehus
  • Askvika
  • Sæbø-Almenningen
KArt som viser områda som blir berørte i lilla - Klikk for stort bilete Sweco

Befaringa vil føregå med bil og til fots. Det vil også bli benytta drone i arbeidet. 

Det er SWECO som skal utføre oppdraget frå NVE. 

Gje melding om tidlegare skredhendingar

Sweco er interessert i informasjon om tidlegare skredhedingar i eller nær dei aktuelle områda. 

Kontakt geolog Øystein Lohne på e-post oystein.lohne@sweco.no eller telefon 993 65 097.