Søknad om konsesjon - oppdrettsanlegg Hundaneset i Erfjord

Grieg Seafood AS søker om løyve jf. akvakulturlova til etablering av nytt produksjonsanlegg for laks/ørret. Anlegget skal ligge ved Hundaneset på nordsida av Jøsneset, i Erfjord.  

Klikk for stort bileteEtableringa inneber at eksisterande anlegg i Sandvik i Suldal kommune i Erfjord blir nedlagd. Nytt og utvida anlegg blir søkt etablert på sørsida av fjorden i Hjelmeland kommune, ved Hundaneset.

Anlegget vil gjelde produksjon av laks/ørret med maksimal tillatt biomasse MTB på 2340 tonn.  Overflateanlegget består av 10 merdar i to rekker med forflåte plassert på innsida mot land. Forankringa går ut i fjorden, ikkje feste i land. Det er heller ikkje planlagd andre tiltak på land. Hjelmeland kommune har gitt dispensasjon frå kommuneplanformålet «bruk og vern av sjø og vassdrag», jf AFU-vedtak 79/19.

Konsesjonsbehandlinga blir føreteke av Rogaland Fylkeskommune, Næringsavdelinga. Kommunen er uttaleinstans etter plan-og bygningslova til konsesjonssak. 

Her er alle søknadsdokumenta inkludert kartutsnitt

Merknader til søknaden sendast til elektronisk til Hjelmeland kommune.
eller postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 6.april 2020.