Søknad om utvida produksjonsvolum - akvakultur Fosså, Ombofjorden

Mowi ASA søker om løyve jf. akvakulturlova til utviding av produksjonsvolum på lokalitet nr 11893 Fosså i Ombofjorden, Hjelmeland kommune.  
Klikk for stort bilete 

Søknaden går ut på å auke tillate biomasse MTB av laks med 1080 tonn, dvs frå 3600 tonn til 4680 tonn. Søknaden inneber ikkje fysiske endringar/utvidingar av anlegget. Området som anlegget ligg i er i kommuneplanens arealdel avsett til akvakultur.

Les søknadsdokumenta.

Merknader til søknaden rettast til:

  • postmottak@hjelmeland.kommune.no
  • via elektronisk skjema 
  • eller pr. post Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland 

Uttalefrist 21. juni  2020.

Merknadane vil deretter blir sendt over til Rogaland Fylkeskommune som konsesjonsmyndigheit saman med kommunen si uttale.