Søknadsfrist for kulturstøtte

Nå er arbeidet med å slå saman dei gamle ordningane, Kulturmidlar og Frivilligfond, ferdig. 

Lokale lag og organisasjonar kan nå søke om Kulturstøtte til 

  • tiltak og prosjekt
  • ordinær drift

Kulturstøtte - tiltak og prosjekt

Skal laget ditt ha eit arrangement, kurs eller opplæring, ordne til nytt anlegg eller andre konkrete tiltak og prosjekt? Skal du starte eit nytt lag? Då skal du søke om midlar frå denne ordninga.

Frist for å søke er 10. mai.

Les meir om ordninga

Kulturstøtte - ordinær drift

Ønsker du støtte til ordinært lagsarbeid skal du søke om det via denne ordninga. Tilskotet blir mellom anna vurdert ut frå aktivitetsvolum og tal og alder på deltakarane.

Frist for å søke er 10. mai.

Les meir om ordninga