Sommaraktiviteter

Også i år har me tilsett aktivitetsguidar som skal arrangere kjekke aktivitetar for barn og ungdom gjennom sommaren. 

Pop-up aktivitetar

Desse er for barn og ungdom som har fullført 5. klasse og eldre. Det kan vera padling, bading, ballspel og mykje anna kjekt. Det er oppmøte i Hjelmelandsvågen. 

I periodane 4.-13. juli og 1.-10. august er desse dagane satt av til aktivitetar: 

  • måndagar kl. 10-15.30
  • tysdagar kl. 10-15.30 
  • onsdagar kl. 10-15.30

Det kjem meir informasjon om aktivitetane når det nærmar seg. 

Følg med på Facebook Hjelmeland kommune - aktivitetar for barn og ungdom og på Hjelmeland Frivilligsentral si heimeside.

Det vert også aktivitetar  

  • i Hjelmelandsvågen torsdag 30. juni kl. 18-20
  • ved Årdal omsorgssenter fredag 1. juli kl. 16.30-18.30

Aktivitetar med påmeldingsfrist 29. juni: 

Alle som vil kan vera med på desse turane. Barn som er ferdige med 7. klasse våren 2022 kan reisa utan føresette. Eigne reglar for tur til Suldal bad. 

Tilskot

Hjelmeland kommune har fått tilskot frå Bufdir og Gjensidigestiftelsen for å gjennomføre sommarferieaktivitetar. 

Kalender

Sjekk også ut kalenderen her på heimesida vår.

Tips oss gjerne om du skal arrangere noko - send oss e-post på postmottak@hjelmeland.kommune.no

 Husk å ta med denne informasjonen:

  • dato
  • klokkeslett, frå - til 
  • stad
  • arrangør
  • informasjon om arrangementet
  • ev. informasjon om billettkjøp