Støtte til tiltak for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Har du planar om å arrangera eller driva med noko som passar for eldre eller menneske med nedsett funksjonsevne? Då har du no moglegheit til å søka om økonomisk støtte til tiltaket.

Eldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har nemleg vedteke å opprette støtteordningar for lag og organisasjonar som har eit tiltak, prosjekt eller ein aktivitet som tilrettelegg for målgruppene til råda. Det er lagt opp til ein søknadsrunde i vår og ein ny til hausten.    

Søknad sendast til kommunen innan 15. mars 

  • på e-post postmottak@hjelmeland.kommune.no
  • pr. post til adresse Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland

Saman med søknaden sender du eit enkelt budsjett med oversikt over utgifter og inntekter ved tiltaket. Merk at det ikkje vert gitt støtte til ordinær drift av eit lag eller ein organisasjon.