Strandryddeaksjon 5. - 20. september

I løpet av perioden 5. - 20. september inviterer Hold Norge Rent til nasjonal ryddedugnad. Me ønsker å legge til rette for at du kan bli med på strandryddedugnad, men ber samstundes om at du følger råda frå Hold Norge Rent, Ryfylke friluftsråd og IVAR Renovasjon Ryfylke. 

Les meir om strandryddeaksjonen.

I biblioteket i Hjelmelandsvågen kan du hente sekker som skal brukast til å hente inn avfall som ligg på strendene våre. Når du henter sekker får du også med deg lodd frå kystlotteriet.

Når sekken er fylt med marint søppel, fyller du ut loddet og fester det til sekken. Behold kvitteringsdelen av loddet sjølv. Ta så eit bilete av søppelsekken og loddet slik at informasjonen er lesbar, send så loddet til e-post lodd@kystlotteriet.no

Når du har rydda ein trekning kan du registrere kor du har henta og kva du fann på ryddenorge.no.

NB! Husk smittevern. Les meir om trygg rydding.

Kor innsamla avfall skal leverast

Ryfylke Friluftsråd - kan bidra med å hente marint avfall via sjøveien, for å avtale henting ring tlf. 458 85 023 eller send e-post til kersti.kesper@ryfri.no

IVAR Renovasjon Ryfylke - hentar oppsamla avfall ved veg, gratis. Dette skjer på avtalte stader, kontakt Åsmund Sigmundstad tlf. 404 39 155. Elektrisk avfall, farlig avfall (maling, olje osv) og metaller setjast for seg, dette skal òg meldast inn om kor det står. Avfallet kan også leverast gratis til Viganeset avfalsmottak, informer om at det er marint avfall.

Har du fleire spørsmål om strandryddeaksjonen kontakt Åsmund Sigmundstad tlf. 404 39 155, Hjelmeland Frivilligsentral.