Strandrydding - ny frist

Kommunestyret har sett av kr. 100.000,- frå havbruksfondet til rydding av strender. Pengane delast mellom dei frivillige organisasjonane som vil delta på strandryddinga. Send påmelding med ønskje om aktuelt område til postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 17. juni. Betalinga vert utrekna ut i frå tildelt strekning og tal på dugnadstimar. 

Aktuelle områder/strekningar som kan ha behov for rydding:

  1. Svadberg, Mele, Melsosen
  2. Steinsviga, Nessaviga
  3. Nordbygda, Hjelmelandsvågen, Sande, Pundsnes, Kleppa, Askvik, Hundsnes, Viganeset, Døvik, Espholmen, Prestholmen, Moldfallet
  4. Barnevik, Fistervågen, Følsvik, Sandvik, Kjelavik, Tønnevik, Sigmundstad, Mosnes, Mosnesholmane, Grønvik, Skjelsvik, Nordskår, holmane utfor Nordskår
  5. Helgøy
  6. Ølesund, Hannkallevika, Øye, Øyehabn, Breivik, Randa, Kådå, Svansholmen, Børøy, Hovda, Krossdal, Sandanger, Kvaløy, Kvaløysundet
  7. Langavik, Vestersjø, Rossåvika, Skår, Skibavika, Tjueneset, Tuftene, Buer
  8. Ørevika, Øygarden, Knutsvik, Skiftun, Apalviga, Nesvik, Bastli
  9. Eiane, Vindsvik, Tytlandsvik, Dalevika, Haugevika, Ladberget, Segadal, Førre
     

Tal sekkar boss som vert samla vil og gi laget lodd i Kystlotteriet. Lodd på sekken rivast av og leverast inn til Kundesenter/Bibliotek i Vågen.

Aksjonen held fram til 15. oktober, og frist for innrapportering av utført rydding er 1. november.

Åsmund Sigmundstad
Dagleg leiar Frivilligsentralen
E-post
Telefon 404 39 155