Straumstøtte for frivillige organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar som eig og driv anlegg med straumutgifter, kunne i vinter søka om kompensasjon for høge straumprisar i perioden desember 2021 - mars 2022. Regjeringa har bestemt at ordninga skal forlengast med eit år, til og med mars 2023. Straumstøtta skal betalast ut kvartalsvis, og neste søknadsrunde er 7. september 2022 kl. 13.00. 

Under tildelingsrunden i vinter var det kommunane som forvalta ordninga og betalte ut støtte. Frå og med søknadsrunden i august er det Lotteri- og stiftingstilsynet som skal forvalta ordninga på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet. Det betyr at kommunane ikkje er inolverte i søknadsprosessen eller ved tildeling av midlar.

Meir informasjon om ordninga og støttesatsar