Svippturen

Me har lansert ein ny friluftslivkonkurranse for vinterhalvåret - Svippturen. Etter ein flott tursommar er du nok sikkert i toppform nå? Men slikt er som kjent ei ferskvare og treng vedlikehald. 

I kommunen vår fins det både "hidlerar" og menneskeskapte bygg som kan gje deg ly mot vind og ver. Mange av desse kjenner du nok til og har besøkt for lengst, andre kan kanskje vera litt meir ukjende? 

I kvar av desse turmåla vil du nå kunne finna ei bok som du kan skriva namnet ditt i. Boka er nummerert, så dermed vil namnet ditt bli knytt til eit nummer i boka. 

20. mai vil me tekke 7 vinnarar til saman, desse får kvar sin tursekk. 1.-2.-3. premie vil i tillegg finne litt turutstyr i sekken sin. Det "plagsame" er at jo fleire gonger du besøker eit av turmåla, jo fleire vinnarsjansar opparbeidar du deg. 

Brosjyre med kart over Svippturane.