Teknisk leiar er tilsett

Foto av teknisk leiar Kenneth Iversen - Klikk for stort bilete Eirin Eidem Meihack

Kenneth Iversen er tilsett som ny leiar bygg og anlegg. Kenneth har fagbrev som tømrar, og har variert erfaring frå ulike fagfelt. Mellom anna som teknikar på Mowi. Han har arbeida i bygg og anlegg sidan 2020. Sidan november 2022 har han vikariert i prosjektavdelinga.

Kenneth er frå Egersund, men har flytta til Hjelmeland saman med familien.

Han tek til i stillinga som leiar i løpet av februar 2023.