Testing av arbeidstakarar frå EØS/Schengen

Dersom du ønsker å få arbeidstakarar til Noreg frå EØS/Schengen, kan du teste desse for koronavirus slik at dei slepp karantene før dei begynner å arbeide. Det skal takast ein test så snart som mogleg etter dei er komne til landet. Dei kan då starte i arbeid så snart ein veit svaret på denne testen, men dei må fortsatt vera i karantene på fritida. Tidlegast 5 dagar etter ankomst kan dei testast ein gong til, og ved negativt svar slepp dei då karantene også på fritida.

Denne tenesta kan de få på Hjelmeland legekontor for 500 kroner per test. Dette inkluderer testtakting, reagens og oppfølging av prøvesvar. Dersom du tek kontakt før kl. 11 kan arbeidstakaren testast samme dag kl 12:45. Svaret kjem vanlegvis i løpet av neste dag. Per i dag er det ikkje ekstrautgifter for sjølve labanalysen, men det kan endra seg.

Les meir om testing av arbeidstakarar.