Tilskot til energitiltak for frivillige
Frivillige lag og organisasjonar i Rogaland som eig eigne bygg og anlegg, kan på nytt søka Rogaland fylkeskommune om støtte til å gjennomføra energitiltak i disse bygga. Det kan vera tiltak som reduserer energibruk, som installering av varmepumper, etterisolering, skifte til LED-belysning osv., eller tiltak som gir lokal energiproduksjon, som for eksempel installering av solceller eller bergvarme.
Søknadsfristen er 24. september 2024.
Historikk
Frivillige lag og organisasjonar fall ofte utanfor støtteordningar som skal gjera det lettare å gjennomføra energibesparande tiltak. Fylkestinget vedtok derfor i 2022 at det skulle etablerast ein ordning som gir frivilligheten støtte til tiltak som reduserer behovet for innkjøpt energi. Det er gjennomført to søknadsrundar hausten 2023 og våren 2024, og det er til saman gitt tilsagn om i overkant av fem millionar kroner til 55 forskjellige prosjekt. Det gjenstår i underkant av tre millionar kroner i ordninga, og fylkeskommunen lyser difor ut midler også hausten 2024. Per nå er det ikkje satt av midler i fylkeskommunen sin økonomiplan til denne ordninga i åra framover, og søknadsrunden denne hausten kan difor bli siste moglegheit til å benytta seg av ordninga.
Om ordninga og retningslinjer
Ordninga gjeld for frivillige lag og organisasjonar som eig eigne bygg og anlegg, og det blir ikkje gitt støtte til energitiltak som allereie er gjennomført eller igangsatt. Søknadsfristen er 24. september 2024, og fordeling av tilskudd vedtas av regional-, kultur- og næringsutvalet i november. Innvilga tilsagn om tilskudd vil vera gyldig ut 2026, så organisasjonar som treng det, har noko tid på seg til å få gjennomført tiltaket. Det kan gis støtte til inntil 50 prosent av dokumenterte sluttkostnader, og maksimalt 150 000 kroner per bygg/anlegg.
Les meir om retningslinjene og kriteriene for ordninga og finn lenke til søknadsskjema på fylket sine sider. Ein oversikt over kva for nokre prosjekt som har fått støtte i dei førre to søknadsrundene finnes her (2023) og her (2024).
Spørsmål om ordninga?
Ved spørsmål om ordningen, kan Rogaland fylkeskommune kontaktes på e-post erlend.kjernsrod@rogfk.no
Publisert 04.09.2024 14.46
Sist endra 04.09.2024 15.00