Tilskot til inkludering av barn og unge-utlysning for 2022

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og ungdom skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Enkelte aktivitetstypar kan ha ei meir avgrensa målgruppe, det kjem fram av forskrifta.

Kven kan søke

  • Tilskot kan tildelast offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar.
  • Enkeltpersonforetak eller privatpersonar kan ikkje søke.

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om midlar.

Søknad

Du søker om tilskot gjennom Bufdir sin søknadsportal. 

Søknadsfristen for tilskotsåret 2022 er 17. desember 2021.

Regelverket og søknadsskjema finn du på tilskotsordninga si nettside.

Kontakt

Kontaktperson for tilskotsordninga her hos oss er Åsmund Sigmundstad tlf. 404 39 155.