I dag var Eyovel Y. Ghezai og Jorunn B. Eia frå TV-aksjonen Rogaland på besøk hos fungerande ordførar. Dei har informert om aksjonen, og høyrt korleis planlegginga går hos oss.
I år går pengane til Leger uten grenser, der fokuset er livreddande helsehjelp og medisin. I tillegg skal pengane gå til å utvikle medisin mot gløymde, dødelege sjukdommar som framleis finns i deler av verda.
Tema i år
Sammen redder vi liv.
Dato: søndag 23. oktober
Litt tal
I fjor var Rogaland på 1. plass i Noreg, med mest innsamla pengar. Hjelmeland var på 9. plass i Rogaland.
Viste du at:
- 5500 kr kan vaksinere 1 410 barn mot meslingar?
- 100 000 kr kan gi malariabehandling til 33 333 barn?
Publisert 14.06.2022 12.01
Sist endra 14.06.2022 13.00