Utbrot av Mycoplasma pneumoniae-infeksjon

Det er for tida eit utbrot av infeksjon med Mycoplasma pneumoniae i kommunen, oppdaga først blant born i skulealder. Denne bakterien gir ofte influensaliknande symptom, med feber, snue, vondt i halsen og ofte ei kraftig tørrhoste. Nokre får lungebetennelse. Symptoma kan komme snikande og varer gjerne i fleire veker. Alvorlegare sjukdom er svært sjeldan, men vanlegare hjå eldre og dei med dårleg immunforsvar.

Bakterien smittar gjennom dråpar og sekret frå luftvegane. Ein bør derfor vera påpasseleg med hygiene, vaske hender før mat, ikkje dele drikke og hoste inn i albogen eller tørkle. Har bornet ditt feber og hoste bør du halde han eller ho borte frå skulen.

Frå ein blir smitta til ein blir sjuk kan det gå frå 1-3 veker.

Behandlinga for denne infeksjonen er antibiotika, vanlegvis i form av erytromycin eller doxycyclin, sistnemnde berre for ungdommar og vaksne.

Det er også påvist vanlege forkjølelsesvirus, og det er vanskeleg å skilja desse frå kvarandre utan prøvar. Dersom det går meir enn nokre dagar med ein mild forkjølelse, kan det derfor vera fornuftig å ta kontakt med legen for å sjekke dette i form av ein prøve me tek i nasen. Det tek nokre dagar å få svar på prøven, og dersom den viser at du har denne bakterien, kan det vera fornuftig å vurdere behandling.

Me vil gjerne også nytta anledninga til å minne på at me får årets influensavaksiner til legekontoret i oktober, og at spesielt risikogruppene er oppfordra til å vaksinere seg. Dette gjeld gravide, alle over 65 år og born og vaksne med diabetes, lungesjukdom, nevrologisk sjukdom, nedsatt immunforsvar eller alvorleg fedme (KMI over 40). Helsepersonell og svinerøktarar er også oppfordra spesielt. Andre kan også få vaksine ved ønskje.

Mycoplasma pneumoniae-infeksjonar - veiledar på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Influensavaksine anbefalast årleg til risikogrupper.

Kontaktinformasjon for dei med fastlege i kommunen:
Ta kontakt elektronisk via pålogging på Helsenorge.
Telefon: 51 75 71 00

Venleg helsing
Bjarte Sørensen, fastlege
Egil Bjørløw, kommuneoverlege og smittevernlege