Utbrot av skabb

Småbarnsavdelinga i Hjelmeland barnehage har eit utbrot av skabb. Over tid har to vaksne og tre barn knytt til avdelinga fått påvist skabb. Ein må rekna med at det kan vera fare for at det spreier seg til andre barn og personale i avdelinga. 

I samråd med Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår smittevernlegen behandling av alle barna, personale og deira nærmaste nærkontaktar. Ei så omfattande behandling blir rekna som fornuftig for å redusere risikoen for at det blussar opp igjen. 

Dei det gjeld har fått informasjon om korleis ein skal gå fram på eit eige foreldremøte. 

Les meir om skabb på Helsenorge.no