Utlevering av hurtigtestar til risikogrupper
Det er no tilgjengeleg ein medisin, Paxlovid, som kan redusere risikoen for alvorleg sjukdom ved covid-19. Denne er berre tilgjengeleg på blå resept for pasientar med høg risiko for eit alvorleg sjukdomsforløp.
Vurdering av behandling
Det er viktig at ein blir vurdert for behandling FØR ein blir alvorleg sjuk. Det kan ein berre dersom ein veit at ein har covid-19 ved hjelp av ein positiv test.
Me oppfordrar derfor dei med redusert immunforsvar og folk med alvorleg underliggande sjukdom (sjå nedanfor) å testa seg ved mistanke, sjølv ved heilt lette luftvegssymptom.
Henting av hurtigtestar
Dersom de ikkje har tilgjengeleg hurtigtest i heimen eller på butikken, kan du henta gratis hurtigtest til denne gruppa på Hjelmeland omsorgssenter mellom 08:00 og 22:00. Ver venleg å sende friske pårørande personar til å hente viss du kan.
Ved positiv test og behov for vurdering av oppstart av Paxlovid, kontakt fastlegen din (tekefib 51 75 71 00) eller legevakt (telefon 116117) utanom opningstid.
Medisinen er aktuell for to hovudgrupper
- Dei med alvorleg immunsvikt. For eksempel dei med beinmergskreft eller lymfekreft som får medisinar som slår ut immunforsvaret.
- Andre med høg risiko for alvorleg sjukdom
- Alder er viktigast. Det er særleg dei over 65 år, som vil ha nytte av medisinen.
- I tillegg har alvorlege kroniske sjukdomar betyding.
- Det er også viktig kor lenge det er sidan du fekk vaksine. Om det er meir enn eit halvt år sidan du fekk siste vaksine, er det auka risiko for alvorleg sjukdom.
- Blant dei viktigaste kroniske sjukdomane i denne samanhengen er
- Aktiv kreftsjukdom eller pågåande/nyleg behandling mot denne
- Alvorleg hjarte- eller lungesjukdom
- Dårleg regulert diabetes
- Alvorleg overvekt – kroppsmasseindeks høgare enn 35
- Kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg funksjonsnedsetting
- Alvorleg psykisk sjukdom, spesielt alvorleg schizofreni
- Alvorleg demens
- Downs syndrom
Les meir om Paxlovid
Publisert 23.12.2022 11.18
Sist endra 23.12.2022 11.55