Utlysing - Kommunal kompensasjonsordning for Koronapandemien

Hjelmeland kommune har fått tildelt 250 000 kr som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder i 2021.  Midlane skal nyttast på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak som følgje av koronapandemien.

Målgruppa er lokale små- og mellomstore verksemder i Hjelmeland. Hjelmeland kommune vil prioritera verksemder innafor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane. Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet kan også søkje. 

Andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar kan også bli vurdert.

Søknad sendes elektronisk ved hjelp av søknadsskjema på www.hjelmeland.kommune.no. (Krev pålogging med ID-porten).

Søknaden må, så langt råd, dokumentere tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging. Det må leggjast ved kostnadsoverslag og finansieringsplan for tiltak det blir søkt om tilskot til.

I tillegg må ein opplysa om namn på føretaket og organisasjonsnummer, tilskotsbeløp og kva for anna offentleg støtte føretaket har mottatt i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kven som har gitt denne støtta.

Søknadsfrist: 23.april 2021

For meir informasjon: Statsbudsjettet 2021 – Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

Annan informasjon: Opplysninger som gis i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentlighetslova.

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Torborg Kleppa, tlf: 404 39 123 eller torborg.kleppa@hjelmeland.kommune.no