Utlysning - Kommunal tilskotsordning - Støtte til lokalt næringsliv som har utfordringar på grunn av koronapandemien

Kommunal tilskotsordning til lokale verksemder i Hjelmeland kommune i 2021.

Formannskapet i Hjelmeland har løyvd inntil 1 million kroner frå det kommunale kraftfondet som skal nyttast til ein kommunalt tilskotsordning til føretak som er hardt ramma av følgjene av koronapandemien.

Tilskot kan tildelast etter søknad, og i samsvar med vedtektene til Kraftfondet.
Tilskot kan berre gis til nye tiltak og investeringar. Tilskotet kan ikkje vera ei kompensasjonsordning for tapte inntekter, og kan ikkje nyttast til dekking av avdrag og renter på lån, eller løpande drift. Det kan maksimalt gis tilskot tilsvarande 50% av kostnad.

Rådmannen har fullmakt til å behandle søknadar om beløp opp til 150 000 kr. Søknadar om beløp over 150 000 kr blir behandla av formannskapet. Søknadar blir behandla fortløpande.

Målgruppa er lokale små- og mellomstore verksemder i Hjelmeland. Det er kjent at  verksemder innafor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane har hatt strenge restriksjonar under koronapandemien, men også andre typar næringar kan prioriterast dersom inntektssvikt kan dokumenterast/ sannsynleggjerast.

Søknad sendes elektronisk ved hjelp av søknadsskjema.
Søknaden må, så langt råd, dokumentere tap eller sviktande inntekter som følge av smitteverntiltak og nedstenging. Det må leggast ved kostnadsoverslag og finansieringsplan for tiltak det blir søkt om tilskot til. I tillegg må ein opplysa om namn på føretaket og organisasjonsnummer, tilskotsbeløp og kva for anna offentleg støtte føretaket har mottatt i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kven som har gitt denne støtta.

Spørsmål om ordninga kan rettast til Torborg Kleppa, torborg.kleppa@hjelmeland.kommune.no, eller tlf. 404 39 123