Utvida nye smitteverntiltak: Russen får forbod mot "rulling"

Den 5. juni 2021 vart det vedteke eit midlertidig forbod mot "rulling" med russebussar i 12 kommunar i Sør-Rogaland grunna eit nytt smitteutbrot i miljøet, det gjeld til og med torsdag 17. juni. Mange er i isolasjon og karantene etter utbrotet, men det er sannsynleg at vedtaket kan ha forhindra vidare smitte.

Det er eit grep for å hindre at smittespreiinga kjem ut av kontroll som følge av at russen ikkje held råd om avstand og tal på deltakarar når dei samlast i bussar og bilar. Ei ny nedstenging vil få store samfunnsmessige konsekvensar.

I helga var det likevel slik "rulle"-aktivitet i vår nabokommune Strand, der det ikkje var fatta vedtak. Strand kommune vil i kveld vurdere å fatte eit likelydande vedtak som dei andre kommunane for å hindre at russen frå Sør-Rogaland ikkje reiser dit og dermed sikre hensikten med tiltaket. Det er derfor naturleg og nødvendig å fatte eit likelydande vedtak i Hjelmeland kommune, då vegen ikkje er lang frå Strand til Hjelmeland heller. Mange av dei smitta russane har hatt mange nærkontaktar, gjerne 40 til 60. Eit smitteutbrot kan forutan meir smitte også ramma test- og sporingskapasiteten i kommunane.

Eg fattar med dette eit tilsvarande vedtak i Hjelmeland kommune med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4-1. Eg ser § 1-5 som oppfylt med at tiltaket er basert på ein klar medisinskfagleg grunngjevnad, er nødvendig av omsyn til smittevernet og er tenleg etter ei heilskapsvurdering. Då det hastar å innføre dette vedtaket for å hindre slik aktivitet umiddelbart innfører underteikna vedtaket på vegne av kommunestyret i Hjelmeland kommune. Vedtaket gjeld frå 08.06.21 klokka 18:00 til 17.06.21 klokka 24:00. 

Eg vil elles gi det same rådet til russen som på Nord-Jæren:

  • Ved samlingar utandørs skal det ikkje vera meir enn 20 personar i ei gruppe. Det skal vera minst éin meter avstand mellom kvar russ. Det må vera minst fem meter til andre grupper.
  • Alle, også russen, må avgrensa kor mange dei er saman med. Det er viktig at ikkje for mange samlast og at generelle smittevernråd vert følgde for å unngå stor smittespreiing og at mange kjem i karantene.
  • Ha låg terskel for testing (sjølv ved milde symptom).

Les den lokale forskrifta. (PDF, 76 kB)

Kommunelege Hjelmeland kommune