Utvida tilbod med influensavaksinering

Legekontoret vil tilby vaksinering i ytterlegare to dagar. 

Tid for vaksinering:

  • onsdag 20. november
  • tysdag 26. november 

Legekontoret er ope mellom kl. 09.00-11.30 og kl. 13.00-15.00 for vaksineringa. 

Følgande personar har økt risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og me anbefaler difor influensavaksine: 

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine
  • Barn og vaksne med: 
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjerte-/karsjukdom, spesielt personar med alvorleg hjertesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Andre målgrupper

I tillegg anbefaler me influensavaksine til følgande grupper, primært for å beskytte andre (indirekte beskyttelse):

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar