Varsel om oppstart - R179 Områdeplan Hjelmeland sentrum

Hjelmeland kommune varslar oppstart av R179 Områderegulering for Hjelmeland sentrum i tråd med plan- og bygningslova § 12-2, jf formannskapet si oppstartsak frå møte 15.09.2020, sak 80/20.

Planområdet er i tråd med kommuneplanen vedtatt av kommunestyret i 2019: Gjennomføringsområde G1, vist i kartskissa.
Klikk for stort biletePlanavgrensing for Områdeplan Hjelmeland sentrum 

 

Planområdet omfattar gnr/bnr: 58/2, 9, 20, 63,75  125 og 59/1, 20, 32, 63, 99,125 med fleire. Store delar av planområdet er offentleg/kommunalt, men òg mange mindre private eigedommar inngår.  Eigarar og naboar i planområdet er varsla med eige brev.

Ein områdeplan er ein type reguleringsplan. Områdeplanen skal byggje på kommuneplanen sine mål om å styrke og vidareutvikle sentrumsfunksjonane, busetnaden i Vågen og området i Prestagarden, v/kyrkja, butikken og banken. 

Reguleringa skal leggje til rette for vidareutvikling av eksisterande bygningstruktur, gode uterom, knyte sentrum betre saman, styrke grøntstruktur og gje betre tilknyting for Burmavegen. 

Delar av planområdet kan bli så detaljert at den gir grunnlag for byggesak, medan det i andre delar av området kan bli krav om ytterlegare detaljregulering før iverksetjing av tiltak.

 

Kommunen har engasjert KAP-Kontor for Arkitektur og Plan som rådgjevar i reguleringsarbeidet.  KAP har utarbeidd eit forenkla planprogram.  

Både i PLANPROGRAMMET (PDF, 352 kB) og i FORMANNSKAPSAK 80/20 (PDF, 3 MB)  kan de lese meir om målet med planarbeidet og korleis me ser for oss planprosessen framover. Føringar til planarbeidet ligg i vedteken kommuneplan 2019, både samfunndselen og arealdelen. 

Som første steg i planprosessen ønskjer me velkomne til:
Ope informasjonsmøte mandag 23.11 kl. 18.00 i Kommunestyresalen.

Frist for innspel, kommentarar eller merknader til oppstart av reguleringsarbeidet er 14.12.2020 . Send til: postmottak@hjelmeland.kommune.no eller 
Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland 
eller elektronisk skjema.

Kontaktpersonar for planarbeidet:
-Henrik Lundberg, KAP, hl@kap.no, 970 23 886 
-Svanhild Hjorteland Gbada, Hjelmeland kommune, shg@hjelmeland.kommune.no, 404 39 127 


Plan og forvaltning