Varsel om oppstart reguleringsplan - Burmavegen, Hjelmeland
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar Head Energy UP AS, på vegne av Hjelmeland kommune, oppstart av reguleringsarbeid: 202304 Detaljregulering for Burmavegen
Planområdet omfattar primært Burmavegen som har en lengd på ca. 1 km. Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbetring av veg, vatn, avløp + overvatnshandtering som løyser både eksisterande utfordringar og framtidig utbygging av bustader langs vegen. Det skal legges til rette for løsning for gående og syklende langs vegen.
Planavgrensinga framgår av kartskisse, sjå link under. Det er førebels tatt med relativt vid planavgrensing. Mogleg at denne blir snevra inn etterkvart som ein ser behov for areal ift det planen skal løyse av infrastruktur.
Her er link til oppstartsvarsel og planintitiativ med kart.
Merknader pr post eller e-post til Head Energy UP AS, Vassbotnen 11b 4313 Sandnes/
anna.grodem@headenergy.no med kopi til Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland/ postmottak@hjelmeland.kommune.no innen 20.10.2023.
Kontaktperson i kommunen for Burmavegprosjektet er Terje Auglend.
Plan og forvaltning.
Sist endra 14.09.2023 10.28