Vassforvaltning - økologisk tilstand

Som del av vassforvaltninga i kommunen blir det arbeida med at den økologiske tilstanden i vatn og vassdrag skal vere god. Tiltak gjennom sjøaureprosjektet i Rogaland er ein del av dette.

Denne veka er det installert tersklar i kulvertar i Sandebekken for at sjøauren skal kunne vandre oppstrøms Rv13. Tidlegare i haust er det lagt ut gytegrus i Riskedalsåna, Skiftunbekken og Haugebekken. I Bønaråna er det gjennomført eit prøveprosjekt med ripping av elvebotnen for å skape meir skjul for ungfisk. Arbeidet er gjennomført med dugnad og offentlege midlar.