Virus - Novel Coronavirus 2019

Det er blitt oppdaga eit nytt virus, som no blir kalla Novel Coronavirus 2019, i byen Wuhan i Kina, og noko over 500 har blitt testa positivt for dette virus, og ein har hatt 17 dødsfall så langt. Verdas helseorganisasjon, WHO, følger situasjonen nøye, men har i ei uttale basert på all tilgjengeleg informasjon i går sagt at ein IKKJE erklærer dette som ei internasjonal folkehelekrise

Ein frarår heller ikkje reise verken til Kina eller Wuhan, men at ein ved alle reiser gjer normale førebyggande tiltak som å passe på å ete mat som er varmebehandla og å vaske hender godt, eventuelt bruke alkoholbasert handdesinfeksjon. Skulle ein under reise i regionen få teikn på luftvegsinfeksjon med feber bør ein ta kontakt med lege.

Slike råd vil uansett vera nyttige både her til lands og under reise for å unngå mykje meir vanlege infeksjonar som til dømes influensa. Det er tilrådd at alle i risikogrupper for influensa vaksinerer seg, og spesielt dersom ein skal ut å reise. Sjå her for meir informasjon.

Dersom nokon har vore på reise i regionen og får symptom på luftvegsinfeksjon og feber, ver venleg å gi beskjed FØR ein møter på legekontoret slik at personell kan gjera førebyggande tiltak før dei tek deg inn (til dømes eigen inngang, munnbind etc.).

Hald dykk oppdaterte i media og på Folkehelseinstituttet sine internettsider, www.fhi.no.

Med venleg helsing Bjarte Sørensen, kommuneoverlege