Vis omsyn til villrein

Klikk for stort bileteI år er vinteren særleg krevjande for villrein. Regn med pågølgjande frost har ført til at store beiteområde i høgheia har isa ned.

Villreinen trekk gjerne ned mot område som ligg lågare for å finne beite. Verneområdstyret oppmodar om å syne særleg varsemd om du ferdast i heia enten på ski eller med snøscooter. Ser du villrein på turen så gå eller køyr i ein stor bue utanom slik at dei ikkje blir forstyrra.