Kjetil Aas (44 år) er oppvaksen i Jøsenfjorden og gjer i dag suksess med designstudioet "sur le chemin" i København! Han har mellom anna designa uniformane til Petter Stordalen sitt siste prosjekt i København. I oktober kjem han "heim til Hjelmeland" for å læra oss om berekraft, langsam mote og det perfekte i det u-perfekte! 

Tysdag 14. september er Hagalidvegen stengt frå kl. 8.00-17.00. 

Den nasjonale strandryddeveka i regi av Hold Norge Rent er 11.-19.september 2021 - og er ein årleg dugnad kor me saman ryddar Noreg! Me vil legge til rette for strandrydding og deler ut sekkar og hanskar som skal brukast til å hente inn avfall som ligg på strendene våre og i vårt nærmiljø.

Nå kan du få deg pass eller ID-kort i Hjelmelandvågen! Politiet kjem med sitt mobile passkontor og du bestiller tid som passar for deg. 

Nå er tida inne for å søke om spelemidlar. Du kan søke om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet med stort brukspotensial, samt nærmiljøanlegg. 

Me inviterer til konkurranse om vintervedlikehald på Fister og Randøy for vinteren 2021-2022. 

Rundt om i kommunen vår finn me ein del av planten parkslirekne (Reynoutria japonica). Planten blei innført til Noreg som hageplante, men har blitt forvilla og er nå ein av dei mest plagsame hagerømlingane.
Den er oppført på Norsk framandartsliste, og det er viktig at me gjer det me kan for å hindra at den spreier seg ennå meir. Berre bitte små bitar av stengelen kan spira å danna nye planter. Mange av førekomstane av denne planten er på privat eigedom. Mange trur at dei ikkje kan eller har lov til å bekjempa planten sjølv, men det har ein sjølvsagt lov til! Og det er viktig at alle som kan gjer ein innsats for å bekjempa denne brysomme inntrengjaren.

 

Frå og med i dag, 12. juli er vatningsforbod på Skiftun oppheva. 

Som følge av auka smitte i nabokommunar og på Nord-Jæren er kommunen no i risikonivå 2 når det gjeld koronasmitte. Me har fleire nærkontaktar som er i karantene, relatert til ulike smittetilfelle i regionen. Difor ber me om at du reduserer talet på nærkontaktar.