Head Energy Up AS varslar på vegne av Munthe AS og Kleppa Investering AS oppstart av reguleringsplanarbeid på gnr 63 bnr 18 og 77 på Puntsnes Hjelmeland. Målet med reguleringsplanarbeidet er å leggje til rette for daglevareforrretning og anna næring

Frivilligstrategien vår er revidert og skal no ut på høyring. Frivilligstrategien er godt forankra i kommuneplanen (2019-2023):

"Kvar for oss er næringsliv, frivillig sektor og offentleg sektor viktige drivarar i lokalmiljø. Ved å jobba meir på tvers og sjå ting i ein større samanheng kan me oppnå ein større meirverdi for alle. Hjelmeland kommune vil legga til rette for ein frivillig sektor med stort mangfald i lagsliv og breitt engasjement."

NIBIO (Norsk Institutt for bioøkonomi) skal utføra feltarbeid og fuglekartlegging i utvalgte område i kommunen. Registrering av fugl vil skje i månadsskifte mai/juni. Registreringa vil skje på same flate ca. kvart 3. år. Flatene er anonyme, me kan difor ikkje gi melding til kvar enkelt grunneigar dette gjeld, men legg ut denne meldinga offentleg. 

Kvifor har me ikkje meir heimeskule? Kan eg vera saman med bestevennen min som går i en annan klasse? Kor lett smittar eigentleg viruset i klasserommet? Kva er eigentleg ein nærkontakt? Dette og mykje meir svarar dei på i filmen under her. Filmen passar like godt til barn, som til vaksne. 

Frå i dag, torsdag 15. april, er det nye fergeruter som gjeld i fergesambandet Hjelmeland - Nesvik - Skipavik. Den nye ferga M/S Nesvik startar også å gå i rute i dag.

Prosjektet "Hjelmeland Naturlegvis!" har nå fått si eiga heimeside! På denne sida finn du oversikt over bedrifter, opplevingar og næringstomter mellom anna. Det kjem fortløpande ny informasjon, som er aktuell for deg som bur her fast, er fritidsbuande eller for deg som er på besøk i kommunen.

Me skal gjennom vinteren og våren arbeide med eit utkast til reguleringsplan for Hjelmeland sentrum.    

Smittevernoverlegane på Stavanger universistetssjukehus (SUS) og i 15 kommunar i Rogaland ber alle tilreisande om å vera spesielt oppmerksame på symptom i dagane etter at dei har kome fram. I Nordre Follo er det påvist eit mutert virus og mange kommunar i og rundt Oslo har iverksett strenge tiltak for å stoppe smittespredning.

Mange kommunar i sørfylket sendte i helga ut pressemeldingar med råd til tilreisande frå kommunane på austlandet som er ramma av den muterte utgåva av koronaviruset. Smittevernoverlegane ønsker å presisera og utvida anbefalingane.

Mange, eller alle, har fått med seg at me har eit prosjekt gåande som heiter "Hjelmeland Naturlegvis!". For dei som ikkje veit, starta dette prosjektet opp i november 2019. Me har no jobba i litt over eitt år, og vil difor dele kva som har skjedd i løpet av dette året med deg.

Telenor hadde onsdag kveld (25. november) eit digitalt folkemøte på Facebook vedkommande breibandsutbygging i kommunen. Dersom du ikkje fekk med deg møtet av ulike grunnar, kan du finne presentasjonane her.