Dersom kommunen ikkje får meir koronasmitte enn me har i dag, vil barnehagane og skulane gå til grønt nivå frå i dag, torsdag 27. mai. Ved den minste endring av smittetrykket i kommunen, vert nivået heva til gult eller raudt nivå. Både barnehagane og skulane må planlegga for å skifta til gult og raudt nivå på kort varsel.

Kvifor har me ikkje meir heimeskule? Kan eg vera saman med bestevennen min som går i en annan klasse? Kor lett smittar eigentleg viruset i klasserommet? Kva er eigentleg ein nærkontakt? Dette og mykje meir svarar dei på i filmen under her. Filmen passar like godt til barn, som til vaksne. 

Frå i dag, torsdag 15. april, er det nye fergeruter som gjeld i fergesambandet Hjelmeland - Nesvik - Skipavik. Den nye ferga M/S Nesvik startar også å gå i rute i dag.

Prosjektet "Hjelmeland Naturlegvis!" har nå fått si eiga heimeside! På denne sida finn du oversikt over bedrifter, opplevingar og næringstomter mellom anna. Det kjem fortløpande ny informasjon, som er aktuell for deg som bur her fast, er fritidsbuande eller for deg som er på besøk i kommunen.

Me skal gjennom vinteren og våren arbeide med eit utkast til reguleringsplan for Hjelmeland sentrum.    

Smittevernoverlegane på Stavanger universistetssjukehus (SUS) og i 15 kommunar i Rogaland ber alle tilreisande om å vera spesielt oppmerksame på symptom i dagane etter at dei har kome fram. I Nordre Follo er det påvist eit mutert virus og mange kommunar i og rundt Oslo har iverksett strenge tiltak for å stoppe smittespredning.

Mange kommunar i sørfylket sendte i helga ut pressemeldingar med råd til tilreisande frå kommunane på austlandet som er ramma av den muterte utgåva av koronaviruset. Smittevernoverlegane ønsker å presisera og utvida anbefalingane.

Mange, eller alle, har fått med seg at me har eit prosjekt gåande som heiter "Hjelmeland Naturlegvis!". For dei som ikkje veit, starta dette prosjektet opp i november 2019. Me har no jobba i litt over eitt år, og vil difor dele kva som har skjedd i løpet av dette året med deg.

Telenor hadde onsdag kveld (25. november) eit digitalt folkemøte på Facebook vedkommande breibandsutbygging i kommunen. Dersom du ikkje fekk med deg møtet av ulike grunnar, kan du finne presentasjonane her. 

No kan du bestille møte med ordførar eller saksbehandlarar i kommunen på nettsida vår, og på Facebook.