Fysioterapi

Fysioterapi avdelinga har romslege lokale i Helsehuset på Hjelmeland, med moderne utstyrte behandlingsrom og treningssal.<

Besøksadresse: Prestagarden 15.
Postadresse: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.

Opningstid: kvardagar frå kl. 8 - 15:30 (fredag til kl. 15:00)
Tlf 404 39 080

I hovudtrekk driv fysioterapeutane med oppgåver innanfor:
-førebyggande og helsefremmande arbeid
-undersøking og behandling
-habilitering og rehabilitering

Eksempel på førebyggande/helsefremmande arbeid er rettleiing og trening av svangerskaps- og barselgrupper, ergonomisk rådgiving, og rådgiving om trening både individuelt og i grupper.

Undersøking og behandling skjer hovudsakleg poliklinisk på fysioterapiavdelinga etter rekvisisjon frå lege eller spesialist. Dei fleste må betale ein eigenandel for kvar behandling. Beløpet er avhengig av behandlingsform og behandlingstid etter Trygdeetatens regelverk (Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi).

Ein del brukarar har krav på fri behandling. Dette gjeld mellom anna for brukarar med revmatiske sjukdommar, etter slag eller nevrologiske sjukdommar, etter operasjonar, og etter alvorlege skader (t.d. frakturar). Barn under 12 og personar som blir behandla for godkjende yrkesskadar har også krav på fri behandling. Ved behandling hjå fysioterapeut gjeld ei anna frikortordning, såkalla eigenandelstak 2. Du kan lese meir om dette på nettsida til HELFO.


Vi utfører også tenester andre stader i kommunene, til dømes:
-Hjelmeland- og Årdal omsorgssenter
-Barnehagar og skular
-Heime hos brukarar (m.a. ved vurdering av behov for hjelpemiddel)
Dette gjeld ofte habiliterings- og rehabiliteringsarbeid.

Dersom du har behov for fysioterapi kan du ta kontakt med oss. Ventetida kan variere. I enkelte periodar har vi mest ikkje ventetid, men i tider med stor pågang kan dessverre ventetida vere opptil nokre månader. Enkelte pasientgrupper blir prioritert, avhengig av diagnosen. Dette gjeld m.a. nyopererte, alvorlege akutte skader, pasientar med slag og barn under 7 år.

Kven er vi?

Jos van Langen;
Avdelingsleiar fysioterapi
Hovudansvar for rehabilitering av eldre, fysioterapi i Hjelmeland- og Årdal omsorgssenter, og hjelpemiddelformidling.

Asbjørg Kvame Hetlesæter;
Kommunefysioterapeut
Hovudansvar for behandling av born, og fysioterapi i barnehagar og skular.

Michael Blanco Boado;
Fysioterapeut
Arbeider mest med polikliniske pasientar med rekvisisjon

Ansvarleg Jos van Langen. Sist endra 15.01.2015

Kontakt

Hjelmeland kommune Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51757000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Jos van Langen

Avdelingsleiar fysioterapi
Telefon : 404 39 080
E-post :  

Se også

Skjema (1)
Eksterne lenker
HJELMELAND KOMMUNE Vågavegen 116 4130 HJELMELAND Telefon: 51 75 70 00postmottak@hjelmeland.kommune.no
padlock