Du er her:
 

Spinneriet

Det gamle spinneribygget er no restaurert som kulturbygg i Hjelmeland sentrum. Bygget har ei rik historie.

Fotograf: Hanne Sundbø
Spinneriet fotograf Hanne Sundbø

Gjennom mange år har folk i Hjelmeland drive variert næringsaktivitet. No er bygget tatt vare på og er i bruk til mange kulturelle aktivitetar og sosiale somkomer.

Spinneriet blei bygt i 1873–74. Det blei seinare brukt til mange formål. Først som ullspinneri der mange kvinner hadde sin arbeidsplass. Herav er også namnet ”Spinneriet”. Seinare mellom anna som handverksskule, jærstolproduksjon, smie, konservering, treskofabrikk, fruktsortering og til sist som trevareverkstad. I 1990 blei det selt til kommunen. Det er no restaurert til kulturføremål og hdet blir ofte arrangert konsertar og tilstellingar her. Mange vel og å feire merkedagar her så som årmålsdagar, bryllaupsdag og konfirmasjon.

I inngangen i første etasje treff du på "Musikklaget på bedehuset". Ei skulptursamling laga av Haldis Nessa.

I andre etasje ligg blant anna den vesle kafeen "Kaffegøyen". Her finn du også ein monter med miniatyrhus laga av Jone Austigard. Husa er nøyaktige modellar av eldre hus. Her finst også ein modell av fjordabåten ”Hjelmelandsfjord” som er laga av Gunnar Søyland. 

Fjerde etasje viser jærstol- og korgproduksjon i eldre og nyare tid.

--------

Ønskjer du å leige Spinneriet - ta kontakt med Kundesenteret - tlf 404 39 001 - E-post
Utleigereglane finn du som vedlagt fil.

 
Publisert av Kursbruker 2. Sist endra 11.10.2012

Eldfinn Austigard

Kulturleiar
Mob: 404 39 153
E-post :  

Eldfinn Austigard

Kulturleiar
Mob: 404 39 153
E-post :  

Kontakt

Hjelmeland kommune Kommunehuset
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51757000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Eldfinn Austigard

Kulturleiar
Mob: 404 39 153
E-post :  

Se også

Eksterne lenker
 
HJELMELAND KOMMUNE Kommunehuset 4130 HJELMELAND Telefon: 51 75 70 00postmottak@hjelmeland.kommune.no
padlock