Grobina i Latvia er Hjelmeland kommune sin vennskapskommune

Grobina, ein kommune med ca 10.000 innbyggjarar, ligg sør-vest i Latvia - ca 10 km frå byen Liepaja.

Fotograf: Hans Widerøe
Frå Grobina-dagane 2005 fotograf Hans Widerøe

Samarbeidet med Grobina kommune starta i 1993.

I 1994 vart det skrive ein vennskapsavtale med føremål å utvikla kunnskap om og forståing av styresett, kultur og næringsliv i desse kommunane. Avtalen vart inngått berre 3 år etter at Latvia fekk sitt sjølvstende. Ny avtale vart signert i 1997.

Det starta med eit skuleprosjekt og utveksling av elevar og lærarar. Eit helseprosjekt med fokus på pleie og omsorg og fysioterapi var i mange år sentralt i arbeidet.

Nå blir det arbeidd med eit nytt prosjekt, der stikkord er frivillighet.

Vi besøkjer kvarandre kvart år for å halda vedlike og utvikla samarbeidet. Vi legg òg vinn på at organisasjonar, gruppe og einskildpersonar engasjerer seg i vennskapssamarbeidet.

Gjennom desse åra er det knytt mange vennskapsband mellom innbyggjarar i Hjelmeland og Grobina, og fleire og fleire tar del i samarbeidet til beste for kommunane.

Publisert av Else Marie Førre. Sist endra 23.06.2011
Frå Grobina-dagar 2005 | Fotograf: Hans Widerøe
Musikkgruppe under Grobina-dagane 2005 fotograf Hans Widerøe
Framfor slottsruinane | Fotograf: Hans Widerøe
Brettspel framfor slottsruinane i Grobina fotograf Hans Widerøe
Frå Grobina-dagar 2005 | Fotograf: Hans Widerøe
Jenter sel brukskunst under Grobina-dagane 2005 fotograf Hans Widerøe
Frå Grobina-tur mai 2005 | Fotograf: Hans Widerøe
Ordføraren i Grobina, Jānis Neimanis, rådmannen i Hjelmeland, Øyvind Bergøy og tolk Uldis Liniņš fotograf Hans Widerøe

Kontakt

Hjelmeland kommune Kommunehuset
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51757000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500
 
HJELMELAND KOMMUNE Kommunehuset 4130 HJELMELAND Telefon: 51 75 70 00postmottak@hjelmeland.kommune.no
padlock