Helsestasjon i Hjelmeland

Helsestasjonen har kontor i Helsehuset på Hjelmeland.
Besøksadresse: Prestagarden 13.
Postadresse: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.

Helsestasjonen tilbyr

Jordmorteneste
Helsestasjons- og skulehelseteneste


Svangerskaps- og helsestasjonskontrollar vert utført på helsestasjonen.
Nokre kontaktar i skulealderen føregår på helsestasjonen, men dei fleste kontaktane er på den enkelte skule.

På helsestasjonen møter du jordmor, helsesøster og lege.

Jordmor
Jordmortenesta har som mål at det skal vera trygt å vera gravid i Hjelmeland.
I samarbeid med lege utfører jordmor svangerskapskontroll. Jordmortenesta har og tilbod om foreldreførebuande kurs, følgje til fødeavdelinga, oppfølging etter fødsel og barselgrupper.
Tenesta er gratis.
Timebestilling hjå jordmor på telefon 404 39 071.

Kommunane Hjelmeland og Strand samarbeider om jordmorvakt 24 timar i døgnet for følgjeteneste / fødselshjelp.
Vakttelefon 404 39 071.

Helsesøster
har ansvar for helsestasjons- og skulehelsetenesta. Dette er ein del av kommunen si helseteneste med vekt på førebyggjande og helsefremmande arbeid for barn 0 – 16 år og familiane deira. Helestasjonen tilbyr heimebesøk etter fødsel og avtalar vidare oppfølging på helsestasjonen etter eit planlagt program. Dette blir vidareført i skulehelsetenesta.
Skulane på Hjelmeland og i Årdal har faste kontordagar. På dei andre skulane møter helsesøster etter behov.
Helessøster kan treffast på telefon 404 39 070.

Psykiatrisk sjukepleiar
har fast kontortid på Hjelmeland ungdomsskule. Ho har ansvar for grupper i ungdomsskulen og har kontakt med enkelte barn / unge og familiane deira etter behov.
Ho kan treffast på telefon 404 39 075.


Lege
deltek i helsestasjons- og skulehelsetenesta. Hovudoppgåva er å oppdaga sjukdom eller medfødde lidingar og tilvisa til rette instans. Ved akutt sjukdom skal ein bruka fastlegen.

.

Publisert av Else Marie Førre. Sist endra 02.02.2015

Kristin Kostøl Helgaland

Helsesøster
Mob: 404 39 070
E-post :  
Skjema (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland - 51 75 70 00 - postmottak@hjelmeland.kommune.no
Login for redigering