TILSKOTSPORTALEN – eit tilbod til lag og organisasjonar i Hjelmeland

Penger II  

Nå  er det enklare  for lag og organisasjonar i Hjelmeland å finne fram i jungelen av tilskotsordningar. 

Kommunen tilbyr nettenesta Tilskotsportalen for lag og organisasjonar i Hjelmeland.

Tilrettelagt for lag og organisasjonar

Denne tenesta er spesielt tilrettelagt for lag og organisasjonar:

·    Tilskotskatalog

Emneinndeling som gjer det raskt å finne aktuelle støtteordningar

·    Kalender

Interaktiv kalender der ein får oversikt over komande søknadsfristar. Søknadsfristar for ein dag eller månad kan visast.

·    Nyheiter

Å følgje med på siste nytt om ulike tilskotsordningar er både tidkrevjande og vanskeleg. Nyheitene i Tilskotsportalen gjer dette mykje lettare.

 

Tilgong

Tilgong til tilskotsportalen ordnar du via http://lag-foreninger.scan4news.com/Hjelmeland/

 

Slik loggar du inn:

  1. Klikk på linken ovafor for å opne registreringsskjemaet.
  2. Fyll inn e-postadressa di, førenamn og etternamn, samt gyldig organisasjonsnummer for laget eller organisasjonen din.
  3. Trykk på Send
  4. Du får opp ei side der du stadfestar at informasjonen du sende er korrekt.
  5. På den e-postadressa mottek du ein påloggingslink som gir automatisk tilgong til Tilskotsportalen for lag og foreiningar.

 

Organisasjonsnummer

Organisasjonen din  må ha organisasjonsnummer for å kunne bruke Tilskotsportalen. Det betyr at laget ditt må vera registrert i Brønnøysundregistra som ein foreining/lag/innretning (FLI) eller eit kyrkjeleg fellesråd heimehøyrande i Hjelmeland kommune.

 

Frivillighetsregisteret

Lag og organisajonar som manglar organisasjonsnummer kan få dette ved å registrere seg i Frivillighetsregisteret. Det gir også høve til å få momskompensasjon og delta i Grasrotandelen.

 

Support

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med Scan4news.
Telefon: 62  52 13 00
E-post: support@scan4news.com
Internett: www.scan4news.com

Kontaktperson i Hjelmeland kommune er  Eldfinn Austigard tlf. 404 39 153

Publisert av Else Marie Førre. Ansvarleg Eldfinn Austigard. Sist endra 24.09.2014
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland - 51 75 70 00 - postmottak@hjelmeland.kommune.no
Login for redigering