Hjelmeland bygdemuseum

Eldhuset viser ei rekke gjenstandar som vart nytta i samband med matlaging

Opningstider:
Tysdag, onsdag og fredag 10.00-15.30, torsdag 10.00-18.30 (15.30 i skuleferien)

Her har ein prøvd å gjenskape eit skomakarmiljø frå Hjelmeland. I ein periode hadde Hjelmeland heile 9 skomakarar. Husmannsstova

Hausten 2007 flytte Hjelmeland Bygdemuseum inn i nye lokale, og er nå å finna i Vågahuset i Hjelmelandsvågen, med inngang gjennom biblioteket.

Hjelmeland Bygdemuseum vart formelt oppretta i 1975.
I fleire år før og etter 1980 var det Makkamjølsklubben, det lokale museumslaget, som stod for innsamling, konservering og katalogisering av gjenstandar.

Gjenstandssamlinga i Hjelmeland bygdemuseum vart deponert til Ryfylkemuseet gjennom ein avtale som vart inngått i 2006.

Forutan ei variert samling av gjenstandar frå farne tider, kan bygdemuseet nå visa fram tre tema-utstillingar:

Skomakarverkstaden. Eldhuset og Husmannsstova:
Eldhuset viser ei rekke gjenstandar som vart nytta i samband med matlaging.

Skomakarverkstaden. Her har ein prøvd å gjenskape eit skomakarmiljø frå Hjelmeland. I ein periode hadde Hjelmeland heile 9 skomakarar.

Husmannstova er også ei rekonstruksjon av svunnen tid. Hjelmeland var ei husmannsbygd og skal også ha fostra Noregs siste husmann. Aanen Holmen sat nemleg som husmann på Haugen under Fundingsland, til han døyde i 1980.


Kontakt i Hjelmeland bygdemuseum:
Eldfinn Austigard tlf 404 39 153

Publisert av Else Marie Førre. Sist endra 16.05.2014

Eldfinn Austigard

Kulturleiar
Mob: 404 39 153
E-post :  
Eksterne lenker
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland - 51 75 70 00 - postmottak@hjelmeland.kommune.no
padlock