Vedtekter for barnehagane i Hjelmeland kommune

§ 3 Samarbeidsutval

Samarbeidsutvalet består av fem medlemmer. Foreldrerådet og dei tilsette vel to representantar kvar. Ein politisk representant er observatør, valt av kommunestyret.

Styrar har møte- og forslagsrett og fungerer som sekretær for utvalet. Valperioden er eitt år.

Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ og skal handsame saker med verknad for barnehagen. Samarbeidsutvalet skal godkjenne ein årsplan for den pedagogiske verksemda i barnehagen.