Vedtekter for barnehagane i Hjelmeland kommune

§ 7 Opptakskriterium i prioritert rekkefølge

1. Barn med prioritet etter § 13 i Barnehagelova:

  • Barn med nedsett funksjonsevne etter sakkunnig vurdering
  • Barn det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4, 2. og 4. ledd.

2. Prioritet på grunnlag av dokumentasjon frå hjelpetenesta (helsestasjon,barnevern,lege,PPT) gis til:

  • Barn med utsett skulestart, Opplæringslova, §§ 1.2 og 2.1, tredje ledd
  • Barn frå familiar med store belastningar i form av sjukdom eller funksjonshemming.
  • Barn frå språklege og kulturelle minoritetar, for å styrke språkutviklinga og integreringa.
  • Barn med moderate vanskar som etter fagleg tilråding kan få eit tilpassa opplegg i barnehagen.

3. Barn som søker heil plass.

4. Barn med einslege forsytarar.

5. Eldre barn går føre yngre barn.

6. Søsken av barn som allereie har ein barnehageplass eller som søker om plass samtidig.