Vedtekter for barnehagane i Hjelmeland kommune

§ 9 Betaling

Frå 1. august 2022 er det gratis barnehage, både opphald og mat, for dei som er folkeregistrert i Hjelmeland kommune. Dei som bur i ei anna kommune må betale for plassen (både opphald og mat).

For dei som må betale:

Betalingssatsane for opphald og mat i barnehagen, samt søskenmoderasjon, vert kvart år vedteke av kommunestyret i samband med budsjetthandsaminga. Dei til einkvar tid oppdaterte gebyra/betalingssatsane og prosent for søskenmoderasjon finn ein på heimesida til kommunen.

Matpris er ikkje del av moderasjonsordninga.
Det vert gitt søskenmoderasjon etter nærare reglar. Moderasjon omfattar heil- og halvsøsken som bur fast saman. Søskenmoderasjon skal gjelde uavhengig av om barn går i same eller i forskjellige barnehagar i kommunen.

Foreldrebetaling skjer forskotsvis kvar månad. Betalingsåret er 11 månadar.
Kommunen følgjer «Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling» knytt til hushald med låg inntekt.