Plan for kulturminne / kulturarv

6 Immaterielle kulturminne

Immateriell kulturarv - definisjon
Immateriell kulturarv betyr praksis, framstillingar, uttrykk, kunnskap og ferdigheiter. For kulturminneforvaltinga er den immaterielle kulturarven knytta til det vi ikkje kan ta på ved eit kulturminne. Dette gjeld til dømes tru, tradisjonar, sagn og hendingar.

Reint praktisk kan det vera ei utfordring å finna ut korleis ein skal systematisera nokre emne, som til dømes krigsminne. Krigsminne er i denne samanheng putta inn under kapittel 5, men kunne også vore plassert under dette kapitlet. Det same gjeld td tradisjonshandtverk som sponkorgfletting.

6.1 Haugianarar, lekmannsrørsle og prestar

6.1.1 Haugianarar og lekmannsrørsle

Hans Nielsen Hauge (1771-1824) var lekpredikant, folkevekkar og samfunnsreformator, og i Hjelmeland fekk han mange tilhengjarar. Religiøse samlingar utan samtykke frå kyrkje og prest var forbode ved lov fram til 1842 då Konventikkelplakaten vart oppheva. Hans Nielsen Hauge forkynte sjølv, og reiste rundt i heile Noreg og talte i forsamlingar. Han oppmoda andre, inkludert kvinner,  til å gjera det same.  I tillegg til den religiøse verksemda, var Hauge ei stor organisator og oppmoda mange til å starta opp økonomisk verksemd.  Dette gjenspeglar seg også på Hjelmeland, der fleire av dei som startar opp verksemd er knytte til haugianarrørsla.

 Midt på 1800talet kom Ole Halvorsen til Hjelmeland frå Osterøy ved Bergen. Han etablerte fargeri, fyrst i Sandsbergvika på Pundsnes, så i kjellaren i bustadhuset som i dag er kalla «Bjellandhuset» i Vågen, seinare i eige nybygg i Hjelmelandsvågen. Son til Ole; Hartvig Halvorsen, utdanna prest, vart ein sentral indremisjonsmann på landsbasis, og stod bak skiping av  Diakonhjemmet i Oslo.  

Ole Nielsen (1827-1915) – den store industrigrunderen på Ålgard i Gjesdal – vart fødd som husmannsson på Ytre hagen under Prestegarden,  i haugianarmiljø i Hjelmelandsvågen. Han kom i fargerilære hjå den kjente  haugianaren John Haugvaldstad i Stavanger, og etablerte seinare spinneri og fargeri på Ålgård.  Ole Nielsen var heilt sentral i industrieventyret som utviklinga av ullvareindustrien var for Gjesdal kommune. Kvart år tok han arbeidarane sine med på tur med båt til Hjelmeland.

Hans Nielsen Hauge oppmoda også kvinner til å vera aktive i venesamfunna, og til å tala i forsamlinga. Helga Vormeland (1812-1904) var den fyrste hjelmelandkvinna som engasjerte seg her. Ho vart fødd på garden Byrkja i Årdal sokn. Ho lærte å lesa og skriva, og ho reiste rundt som talar særleg før ho gifte seg i 1837 og vart gardkone på Vormeland. Helga og dei andre haugianarkvinnene var uvanlege på to måtar: Dei representerte den fyrste kvinnegruppa i landet vårt som hevda seg utanfor heimen. Dessutan var det ikkje lov å samlast til møte utan at presten var til stades.

Jon Ormson Tengesdal var fødd i 1800, og budde i Tengesdal i Årdal. Han var plaga av tungsinn, men la i veg til austlandet for å treffa Hans Nielsen hauge personleg. Av Hauge fekk han det rådet å byggja veg til gards. Jon følgde rådet. Den dag i dag er vegen langs Tengesdalsvatnet å finna; eit ufatteleg prosjekt.

6.1.2 Prestar

Mange av prestane i Hjelmeland opp gjennom tidene har hatt funksjon ut over det reint kyrkjelege, og sett spor etter seg i samfunnet. Me har nemnt Daniel Jørgensen som fungerte i embedet tidleg på 1600-talet, og som var sentral i trelasthandelen med Skottland og kontinentet. På 1700-talet var det i to rundar prester frå familien Pavels. Slottspresten Claus Pavels, som i ettertid er blitt berømt for sine dagboksnotater frå maktspelet i 1814, var barnebarn til hjelmelandpresten Jacob Pavels som var prest her 1731-38. Frå 1829 til 1858 var Johan Gottlieb Thaulow, slektning av Henrik Wergeland, sokneprest i Hjelmeland. Han var ein aktiv samfunnsdeltakar, og var m.a. ordførar i Hjelmeland kommune 1844-47.  Etterfølgjaren hans, Paul Resen Hofgaard som var sokneprest 1858-1880, var også ein aktiv samfunnsbyggjar som m.a var oppteken av hagebruk. Han var lenge formann i landboforeningen. Hofgaard var også prost i Ryfylke.

6.2 Grunnloven 1814 og oppstart av Hjelmeland kommune

17.mai 1814 signerte Eidsvoldmennene på Noregs Grunnlov, og Noreg som eigen nasjon var eit faktum. Etter at Napoleon hadde tapt krigen, vart det likevel Sverige og Karl Johan som ovetok Noreg frå Danmark. Den 300 år gamle unionen med Danmark vart oppløyst, men det tok 23 år før den statlege  embedsstyringa vart delvis avløyst av lokaldemokratiet gjennom formannskapsloven frå 1837. Då vart det fyrste lokalvalet helde, og Hjelmeland prestegjeld, som bestod av Hjelmeland, Fister og Årdal sokn, fekk eige kommunestyre og formannskap som trådte i kraft 1.1.1838. 10 år seinare takka Årdalsbuen for seg og vart eigen kommune. Dei to fyrste ordførarane i den nye Hjelmeland kommune var sølvsmed Andreas Sandsberg (1838-1843), og sokneprest Johan Gottlieb Thaulow (1844-1847). Det var visstnok misnøye med ordførar Thaulow som bidrog til at Årdal ville skilja lag.  Fister vart eigen kommune i 1884, med Ola S. Sigmundstad som ordførar.

Heradstova – det eldste kommunehuset i Hjelmeland – vart bygd i 1847. Heradstova var også skulebygg.

I 2014 markerte Hjelmeland kommune 200-årsjubileet for grunnloven med eit stort kulturarrangement og vandring mellom Hjelmeland og Årdal.

6.3 Lagsliv og friviljug arbeid

Haugianarrørsla representerte den fyrste «bølgja» av masserørsler som Hjelmeland vart ein viktig del av og som  var med på å byggja bygda og landet på ein robust måte. Lekmannsrørslene har sett spor etter seg i lokaldemokratiet, i utvikling av friviljug arbeid og folkehelse, både direkte og indirekte.

Men foreningslivet var mykje breiare enn berre bedehus. Hjelmeland samtaleforening vart stifta i 1887, seinare omdøypt til Hjelmeland ungdomslag. Dei heldt hus m.a. i Spinneriet og Heradstova, men bygde seg seinare eit eige hus vegg i vegg med skulehuset i Almenningen. Seinare vart det knoppskyting av ungdomslag i fleire av krinsane, som Jøsneset  Ungdomslag i 1890.

Fråhaldslag vart skipa så tidleg som i 1837, og i 1861 vart Hjelmeland totalavhaldsforening skipa som den andre bygdeforeninga i landet. I 1883 vart det skipa skyttarlag både på Fister og i Jøsenfjorden. I Jøsenfjorden er laget framleis i drift.

Hjelmeland Turn og idrettslag vart skipa i 1910, truleg det fyrste idrettslaget i Ryfylke. Øvingane gjekk føre seg på ungdomshuset i Almenningen.

6.4 Personar, hendingar og andre immatrielle kulturminne

Lista av immatrielle kulturminne er lang for Hjelmeland sitt vedkomande. Gamle handtverkstradisjonar, dugnadstradisjonar knytt til idrett og forsamlingshus, feiring av 17.mai osb representerer viktige grunnesteinar i hjelmelandssamfunnet. Handtverk og tradisjonar må haldast ved like og utviklast for å vera levedyktige. Heldigvis har me mange skribentar og organisasjonar som på ulikt vis har dokumentert mykje av dette i bokform. Ryfylkemuseet arbeider med å dokumentera og ta vare på handtverk knytt til bygg. Men det er eit tankekors at viktige tradisjonsrike lokale handtverk som stolbinding og korgfletting står i fare for å forsvinna med dei få som er att som kan kunsten.

Stavanger turistforening og Johannes Gill

Stavanger turistforening vart stifta i 1887. Hjelmeland kommune er den kommunen i landet som har flest medlemmer i turistforeningen i høve til innbyggjartalet.  Det lokale Hjelmeland turlag – som består av Stavanger turistforening sine medlemmer innafor Hjelmeland kommune sine grenser – vart etablert like etter tusenårskiftet. I årbøkene til turistforeningen har det gjennom alle tider vore mykje hjelmelandsstoff. I dei siste 20 åra før andre verdskrigen var Johannes Gill, fødd i Jøsenfjorden, inspektør i Stavanger turistforening. Han var utdanna lærar, men hadde ansvar for oppsyn av alle hyttene, og skreiv mykje lokalt stoff i årbøkene. Johannes Gill ga også ut boka «Eg veit meg ein fjord» med historiske småstubbar frå Jøsenfjorden, og var sentral i bygginga av turistforeningshytta Blåfjell  i 1918.

Bygdaposten for Hjelmeland

Lokalavisa Bygdaposten vart starta i 1973 av dei fire privatpersonane Arne Kleppa, Jon Olav Sigmundstad, Chr. Nedland og Rolf Aarsand. Lokalavisa vart i 2009 kjøpt opp av og fusjonerte med Strandbuen.  Bygdaposten er pr i dag ikkje gjort tilgjengeleg på nett slik td Suldalsposten er det, men finst i alle fall i Nasjonalbiblioteket delvis i papirform, som mikrofilm og som scanna eksemplar. Bygdaposten representerer eit rikhaldig lokalhistorisk arkiv.

Njål Tjeltveit

Njål Tjeltveit (1943-2001) var utdanna adjunkt. Han var i tida 1984 - 2001 tilsett som kultursjef i Hjelmeland kommune. Tjeltveit var genuit interessert i lokalsamfunnet og den historiske samanhengen, og produserte mange lokalhistoriske bøker, ein del av dei i samarbeid med andre. Samferdsel (båtar, vegar, kaier mv) var eit tema som Tjeltveit hadde særleg god innsikt i.

Sigbjørn Obstfelder

Bestefar til diktaren Sigbjørn Obstfelder var tysk feltlege som slo seg til på ein husmannsplass i Vigavågen og gifte seg med ei lokal jente frå Randøy. Legen døydde tidleg, og kona Berta flytta då vidare med dei fem borna til Stavanger. Far til Sigbjørn, Heinrich, utanna seg til bakar. I vaksen alder besøkte Sigbjørn Obstfelder ofte Hjelmeland. I samband med 150-årsjubileet for diktaren sin fødsel, vert soga om Obstfelder på Nilsebu framført av Rogaland teater – på Nilsebu.  Forteljinga er henta frå turistforeningsårboka frå 1921.

Lokalt talemål

Gjennom omfattande arbeid har Olav Hetland samla lokale og uttrykk, eit arbeid som er nedfelt i to ordbøker: «Eg seie meg så» og «Du va då go». Lokal dialekt er i stadig endring, ikkje minst i  våre dagar med sterk påverknad utanfrå.

Folkemusikktradisjon

Ryfylkemuseet har dokumentert folketonar og musikktradisjonar frå området gjennom arbeidet til folkemusikkarkivet.

Matkultur/matskikkar

Matkultur og matskikkar frå Hjelmeland er delvis dokumentert i oppskriftsbøker frå Rogaland, og gjennom arbeid i lag og organisasjonar, særleg bygdekvinnelaget. I ei tid der meir fokus er sett på lokal og kortreist mat, kan det vera grunn til å gå nærare inn i dette. Ein vil også minna om dei flotte råvarene kommunen har å by på i form av frukt, bær, sjømat og kjøt, saft mv. Det er ei utfordring at for lite av dette er lett tilgjengeleg på lokale utsalsstader.