Reglement for utleige

Reglement og prisar for leige av Hjelmelandshallen

1 Reglement for utleige

  • Hjelmeland kommune er eigar av Hjelmelandshallen. Idrettshallen skal brukast til idrettsaktivitet. Bygget kan og brukast til andre kulturelle og sosiale føremål og næringsverksemd.
  • Kulturkontoret står for utleige av idrettshallen. Hjelmeland skule brukar idrettshallen som gymnastikksal. Nøkkelbrikkene er personlege, og eigar av brikka står sjølv ansvarleg for bruken av den.
  • For kommunen sine frivillige lag og organisasjonar er idrettshallen gratis til idrettsbruk, og dei kan på vårparten søke om treningstider for kommande skuleår. Frivillige lag og organisasjonar i kommunen kan også låne hallen gratis til andre idrettslege arrangement.