Plan for kulturminne / kulturarv

FORORD

Arbeidet med kulturminneplan for Hjelmeland starta i 2014 og vart avrunda med vedtak i kommunestyret juni 2017. Sjølv om me ikkje har klart å innarbeida alt, takkar me alle som har bidratt! Og me vonar folk vert med vidare for å realisera noko av det som ligg i planen!

Mål for arbeidet med kulturminne/kulturarv i Hjelmeland er i kap 7 formulert slik:

Gjennom å halda ved like og å gjera den lokale kulturarven levande, skal me bidra til å utvikla bygdene. Slik vert området vårt ennå meir interessant og meir triveleg å bu i og besøka.

Kort sagt: Me vil fortelja om Hjelmeland si historie og gjera den interessant for folk flest.

Kommunestyret sa i sitt endelege vedtak:

Vidare oppfølging skal skje i samband med sluttføring av kommuneplan, jfr planprogram for kommuneplanrevisjonen, og elles innarbeidast i budsjett, handlingsprogram og dagleg verksemd i kommunen og i samarbeid med andre. 

Kva har då kommunestyret vald å prioritera? Det går fram av kap 8.2 heilt i slutten av dokumentet. Det er Næringslivshistorie, Jærstolar og sponkorger, Vigatunet og helletaka elles, Internasjonale Hjelmeland gjennom historia, Gamle ferdselsvegar med vekt på Prestavegen og Viglesdalsvegen, Sentrum (gamle Vågen, SEFRAK A, fellesskapen sine bygg) og sist: Generell styrking av kulturminnevernet

Gjennom arbeidet med plandokumentet har ein innsett at det framleis er mykje jobb som står att når det gjeld registrering, tilrettelegging, dokumentasjon og formidling.  Me er framleis i starten  på jobbinga med kulturarven, ikkje slutten!