Bodeposten 2/2021

11 Kurs og møte

11.1 Nasjonale utviklingsmidlar til saueskole

No skal sauebønder få tilgang til eit heilskapleg kurstilbod med mål om betre drift og lønsemd på gardane.

Kva er saueskolen?
Ideen om saueskolen Sau360 blei til i Rogaland for nokre år sidan. Saueskolen skal bli eit nasjonalt opplæringsprogram med høgt, fagleg innhald retta mot nye og etablerte saueprodusentar. Det skal utviklast opplæringsmodular som nettkurs, videoleksjonar, animasjonar, webinar mm. Modulane kan tilpassast og brukast på møte i faglaga, som grunnlag for fagdiskusjonar, og som utgangspunkt for fysiske kurs, gruppeoppgåver eller samlingar.

Kvifor?
Sauenæringa har over tid sett at det er auka krav til og behov for meir kunnskap og kompetanse hjå produsentane. God driftsleiing saman med kontinuerleg førebyggande helsearbeid er avgjerande for heile produksjonen. Denne utviklinga har resultert i at det no er eit stort behov for eit nasjonalt kvalitetssikra og spissa tilbod om undervisnings for nye og etablerte saueprodusentar.

Lokal veterinær som pådrivar
Veterinær Siv Meling har foredla ideen og gått systematisk til verks i oppbygginga av og forankring av planane. Ho er ein profilert veterinær frå Rogaland som i vinter tok doktorgrad på klassisk skrapesjuke hos sau. Statsforvaltaren i Rogaland har vore involvert i planleggingsfasen som fagleg støtte og gjennom å samle fagpersonar til møte for å gi prosjektplanane ekstra tyngde. Hausten 2020 la Siv Meling fram planane for Sau360 for styrings- og ressursgruppa i prosjektet «Arbeid for betre dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland» og fekk tilslutning frå bransjeorganisasjonane. Med seg på laget har ho fått med Animalia som har teke hovudansvaret for saueskolen. I tillegg er Norsk sau og geit, Nortura, Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund og Norges bondelag med på prosjektet.
I samråd med Animalia og Statsforvaltaren i Rogaland blei det føreslått å søke om økonomisk støtte frå nasjonale utviklingsmidlar hos Landbruksdirektoratet. No er tilsegn på inntil 750 000 kroner fordet treårige prosjektet gitt til Animalia