Bodeposten 2/2021

4 Produksjonstilskot - arealgrunnlag - ARS

Søknad om produksjonstilskot til areal må vere i samsvar med gardskart og dermed landbruksregisteret. Landbruksregistert hentar arealdata frå gardskartet, og legg desse som kontroll mot søknad om produksjonstilskot.
Har du endringar i arealet ditt, så ta kontakt med kommunen v/Anne Kari Skogerbø, slik at gardskartet kan oppdaterast innan søknad til hausten. Kommunen har frist til oppdatering av gardskartet rett etter 20. august, så dersom du vil ha oppdatert gardskartet digitalt i år, så må du gi beskjed før det.
Ein del plasser var det ny flyfotografering i fjor, før det var det og fotografering i 2019. Flyfoto er difor nokså nye, og ein kan sjekke gardskart mot flyfoto og sjå om dei er oppdaterte.