Bodeposten 2/2021

10 Regelverk nydyrking - endringar

Stortinget fatta den 31. mai 2021 vedtak om endring av jordloven § 11 andre ledd. Vedtaket omfattar endringar i regelverket om nydyrking.

Endring av paragrafen om nydyrking i jordlova
Gjeldande regelverk i jordlova §11 andre ledd:
«For å unngå skade på natur- og kulturlandskap eller for å redusere utslepp av klimagassar kan departementet gi føresegner for nydyrking. I føresegnene kan det fastsetjast forbod mot nydyrking og at nydyrking berre kan skje i samsvar med ein plan godkjend av departementet.»

Denne paragrafen blir endra til:
«For å unngå skade på natur- og kulturlandskap eller for å redusere utslepp av klimagassar kan departementet gi føresegner for nydyrking. Søknad om nydyrking eller nedbygging av myr kan berre skje der omsynet til klima, natur- og kulturlandskap vert varetatt gjennom ein heilskapleg plan godkjend av den enkelte kommune».

Endringane har førebels ikkje tredt i kraft:
Landbruks- og matdepartementet fremma 4. juni ein kongeleg resolusjon og lovvedtaket blei godkjend.
Det er behov for å gjere ei vurdering av konsekvensane av lovvedtaket, òg korleis den nye regelen kan samordnast med anna relevant regelverk.

Endringane i jordloven § 11 andre ledd har ikkje tredt i kraft. Det er førebels ikkje mogleg å seie noko om når dette vil skje. Landbruksdirektoratet har difor sendt ut informasjon om at gjeldande regelverkom forbod mot nydyrking av myr enda står ved lag.