Bodeposten 2/2021

3 RMP 2021 - Regionalt miljøtilskot

3.1 Styrka satsing på miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel

Styringsgruppa for Regionalt miljøprogram var samde om å bruke handlingsrommet til å styrke tilskotet til miljøvenleg gjødselspreiing. No kan alle bønder i Rogaland søke tilskot til areal som blir gjødsla med miljøvenleg spreieutstyr som anten legg gjødsla rett på bakken, eller skyt gjødsla inn i jorda.
Miljøeffekten er betre utnytting av husdyrgjødsla, mindre nitrogentap til luft og redusert fare for overflateavrenning til vassdrag. For å få tilskot må bøndene bruke utstyret ved all gjødsling med husdyrgjødsel på arealet. Siste spreiedato på arealet det er søkt tilskot til er 10. august. Tilskotet blir gitt til fulldyrka og overflatedyrka areal som ligg i Rogaland. Maksimalt tilskot er kr 50 000,- pr føretak.

Søknadsfrist RMP er 15. oktober. Frist for merking av turstiar mm er 31.7.21.