Bodeposten 2/2021

9 Sal av mjølkekvote - digitalisering

Landbruksdirektoratet har utvikla ei ny digital løysing for mjølkekvoteordninga. For første gong kan ein ordinær salsrunde nå gjennomførast digitalt.
Les heile saka hjå Landbruksdirektoratet.
 
Innan 1. august kan eigarar av landbrukseigedom med grunnkvote for ku- og geitemjølk søke om å få selje heile eller deler av grunnkvoten. Tidlegare måtte kvoteeigar fylle ut minst tre papirskjema viss dei ville selje, nå kan heile prosessen skje digitalt.
 
Minst 40 prosent av den mengda kvoteeigaren vil selje, må seljast til staten for 4,00 kroner per liter. Det er og mogleg å selje heile grunnkvoten til staten. Inntil 60 prosent kan seljast til eigarar av landbrukseigedomar innafor same produksjonsregion til ein pris som seljar og kjøper avtaler.
 
Forrige ordinære salgsrunde var i 2019