Bodeposten 2/2021

2 Ugras

2.1 Landøyda

Landøyda er eit giftig ugras som er dødeleg for storfe og hest og bør dermed nedkjempast. Landøyda spreier seg med frø. Statsforvaltaren, kommunane, Bondelaget, Norsk Landbruksrådgiving og vegeigarane har utarbeida ein handlingsplan for nedkjemping av landøyda.
 
Denne handlingsplanen gir mellom anna gardbrukarar høve til å sprøyte vegkantar som grenser til eigedomen mot landøyda. Nedkjemping av Landøyda langs veg Rogaland Bondelag utarbeida ein avtale med Rogaland Fylkeskommune der bøndene får, etter avtale med Rogaland Bondelag, løyve til å nedkjempe og sprøyte problemugras på Rogaland Fylkeskommunes grunn. Løyve er avgrensa til vegareal som ligger nært opptil bonden sine eigne eller leigde areal. Avtalen seier at det ikkje skal nyttast sprøytemiddel på areal som er registrert som artsrike vegkantar i NVDB. Her er det kunn tillat med manuelt luking av problemugras. Avtalen fritek på ingen måte Rogaland Fylkeskommune frå sitt arbeid, men den er meint som eit supplement dersom det av ulike årsaker er betre reint praktisk at bonden sjølv utfører jobben. God HMS er viktig når det blir arbeidd langs veg.
 
For best effekt i sprøytinga, bør landøyda sprøytast medan ho er på rosettstadiet. Det var ca. i St. Hans tider. Nå når ein er komen så langt i sesongen er det luking som må til! Fjern gjerne planterestane slik at dyra ikkje får tak i dei og du hindrar frøspreiing. 

2.2 Parkslirekne - ein uønskt inntrengjar

Parkslirekne er på lista over framande arter, og er vurdert til å utgjera ein svært høg økologisk risiko for stadeigne arter og naturtypar. Du kan lesa meir her.
 
Parkslirekne spreier seg med krypande jordstengel som kan laga nye overjordiske skot. Berre ein bitte liten del av stengel kan gi opphav til nye planter. Flytting av jordmassar, hageavfall og kantslått er truleg dei viktigaste årsakene til spreiing. Førebygging for å hindre spreiing er kjempeviktig. Det er også sterkt ønskjeleg at dei som har parkslirekne på sin eigedom tek kampen for å bli kvitt denne plagsame inntrengjaren.
 
Parkslirekne kan nedkjempast mekanisk med nedkapping eller luking. Ved nedkapping må ein passe på at ein ikkje spreier bestandet. Nedkapping må gjerast minst 4 gonger i sesongen (mai –september). Dette må gjerast i fleire år.

Planteavfall må behandlast forsiktig, brenning eller tørking på staden kan vere alternativ om førekomsten er liten. Alternativet er å levere som spesialavfall på avfallsmottak.

Areal der parkslirekne er blitt nedkjempa må fylgjast opp i minst 3 år etter at produksjonen av skot har stoppa pga at tilsynelatande død bestand kan vere levedyktig og veksa til att.

Kjemisk nedkjemping må skje i tråd med retningslinjer for bruk av plantevernmiddel. Det bør brukast høgast lovlege dose for aktuelt preparat ved bladsprøyting. Ein må sjekke førekomsten også året etter.