Bodeposten 2/2021

14 Viltforvaltning

Me har sendt ut fellingsløyva for elg, hjort og rådyr. Nytt av året er at fellingsløyva er sendt ut elektronisk, og dei som er valdansvarlege skal ha motteke ein e-post med fellingsløyva. Har du ikkje fått dei? – Ta kontakt på tlf. 404 39 123.
 
I 2021 skal det takast CWD-prøvar av alle hjort og elg eldre enn 1,5 år som blir felt i Hjelmeland. Valdansvarlege vil få tilsendt meir informasjon om prøvetaking og utdeling av utstyr til prøvetaking.
 
Areal- og forvaltningsutvalet har vedtatt ein ny avskytingsplan for hjort, slik at fellingsløyva blir fordelt slik: 35% kalv, 20% spissbukk, 35% hind og 10% vaksen bukk.

Det er også vedtatt ei endring av minsteareal for elg og hjort som blir gjort gjeldande frå og med jakta 2022. Då blir minstearealet for hjort 750 dekar, og for elg 12000 dekar.